søndag 26. august 2012

26.08.12

Fjelltur i helga. Tog båt til Flørli på fredag ettermiddag. Overnatta på turistforeningshytta, der var det ingen andre, eller kanskje det kom eit par veldig seint. På lørdag stod me tidleg opp, det er langt te Blåfjellenden.  Me gjekk ikkje trappene opp, men følgde merka sti. Det var ein flott tur, oppe i ca 900 moh. Brukte 6 timar på turen i fint ver, som inviterte te bading då me kom fram. God plass på hytta. På sundag gjekk vi ned Fidjadalen og til Mån og vidare forbi mektige Månafossen. Fint ver i dag og, litt kaldare. Brukte 6.5 t i dag, veldig ulent mange stader, og glatte steiner. Vart henta av Kristin, Leah og Samuel. Ein del av støtteapparatet........ Lite kan måle seg med ein fjelltur i aug/sept
Bilete er frå Flørli mot Lysebotn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar