Brusaknuten og Karten.
Sundagstur i regnklær. Turen i dag var planlagt til Brusaknuten, 432 moh og Karten, 421 moh. Altså topptur på Jæren. Brusaknuten er høgste fjelltopp på Jæren og ligg i Time kommune. Til tross for ein del regn, skodd og bløtt underlag, hadde Aud Marit og eg ein flott tur. Starten er på Mellomstrand og det er skilta avkjøring. Turen til Brusaknuten er godt merka, det same er rundturen om Kartavatnet tilbake til parkeringsplassen. Turen opp til Karten er ikkje merka, her er det berre å følge # vegen# opp til toppen. Toppen er godt synleg, med stor mast på toppen. Litt rød haustfarge fekk vi også sett.
Dette er to av turane i Ti Turar i Time 2012. Les om alle turane på www.time.kommune.no
søndag 16. september 2012
16.09.12
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar