Tur frå Snorestad til Lauvlia. I dag var det slik som det står i reklamen: det finns ikkje dårleg ver, berre dårlege klær. Til tross for heftige regnbøyer og bløtt underlag, med solstråler av og til, så var det ein fin lørdagstur. Aud Marit og eg var nok enige om at vi ikkje hadde teke ut på tur dersom vi ikkje hadde som mål å få med oss alle Ti Turar i Time 2012. Nå mangler vi 3 Turar. Alle turane finn du på www.time.kommune.no Oddbjørn skulle også på tur heilt til han oppdaga at det ikkje var mobildekning, (han hadde vakt),då starta han på heimturen, og så skulle vi to andre plukke han opp med bilen når vi kom forbi. Han kom like til Lye. Altså Snorestad - Lye, til fots ein vanleg laurdag, ikkje verst.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar