Tur til Mælands - Grønahei.
Broder Odd Ingve inviterte på fjelltur denne helga. Ei flott helg i fjellet, det veret våt aldeles nydeleg. Start frå parkeringsplass på Kleivaland i Hjelmeland. Turen går jamt oppover, gjennom lauvskog opp til Bjødnabu. Vidare opp langs markert elvejuv og over tregtrensa, frodig grønkledd skiferdekke til Mælands - Grønahei, 890 moh. Ein liten matpause, la sekkene igjen i hytta og la på veg til Fjellsenden, topp ca 4 km frå hytta og 1101 moh. Det er merka sti eit stykke, så gjekk me på GPS - kurs til toppen. Det var ein god idé, så me fann fram. Her på holland hadde det kome snø. Det var ganske fullt på hytta, men me fekk både rom og seng, og laga oss god Bacalao. I dag gjekk vi same tur tilbake. Sol, vindstille og god temperatur. Ei perfekt helg i fjellet.
søndag 23. september 2012
23.09.12
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



Det hørtes ut som ei perfekt helg!! Vi gleder oss til dere skal ta med oss på turer i distriktet hjemme :)
SvarSlett