I dag frå Les Faux til Aumont Aubrac. Ca 20 km. Starta kl 0830 og var framme kl 15. I dag måtte vi gå seint,Oddbjørn har problem med eit kne, nedover. Så då vi kom fram bar det rett til butikken og kjøpe gåstavar. Så får vi håpe det hjelper. Vi har jo mange dagar, les 6, igjen. Det er mange måter å ordne seg langs ruta. Vi har jo bestilt hotell og bagasjettansport. Andre har følgebil, vi traff ein familie med bagasjen og to små jenter på eit esel. Eller som den eldre mannen som sat i ei vogn som vært trekt av eit esel, og der rullestolen var med på lasset saman med familiemedlemmer. I dag hadde vi sol og 17 gr heile dagen, slik det skal vere. Forbud mot piggtråd i Norge er iallefall ikkje noko EU- tilpassing. Bilete i morgen.
Bilete 1: klar for tur utanfor hotellet
Bilete 2: Top model
Bilete 3: slik drikk me te i Frankrike
torsdag 2. mai 2013
02.05.13
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar