mandag 6. mai 2013

05.05.13

Frå St.  Chely d'Aubrac til Espalion. 22 km. Starta kl 0815 og framme kl 1545. I dag var det sol og blå himmel, og etterkvart 23 gr. Dagen i dag gjekk nedover den vakre og frodige Lot- dalen. Etter  ca 2 t kom vi forbi ein bondegård med servering langs vegen. Minglekafe for vandrarar, sidan mange tok seg tid til ein kaffe og drøs. I dag har vi fått ny nasjonalitet i vår vandrarkrets: sveitsisk dame. I dag gjekk vi gjennom første av i alt tre av Frankrikes vakraste byer: St.Come d' alt. Dei neste er Estaing og Conques.  På fransk: Les plus beaux village de France.
Bilete 1: Lot- dalen
Bilete 2: Minglekafe
Bilete 3: St. Come d' olt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar