På Svalbard. Her kan me vere med på spennande ting - som hundesledetur. Me vært henta i Nybyen der vi bur, innom kontoret i byen for å få på varme klær. Det er ca 2 minus og snø i lufta og ganske mykje vind, så gode klær er eit must. Så bar det til hundegården og ca 60 hunder alaskahusky, stor polarhund med gode trekkegenskaper. Me var med å plukka ut 32 hunder til 5 sleder. Så bar det opp på fjellet der snøen er på denne tida. To og to sala opp eit hundespann med 6 hunder. Så var me klare for tur. Ein kjørte og ein sat i sleden. Våre 6 hunder var skikkeleg spreke. Dessverre var det tåke så sikten var liten, men turen var flott likevel. Vi var med og tok av hundane selane, fekk dei inn i bilen og til slutt var vi med og gav dei mat.
Bilete 1: Svalbard
Bilete 2: ny kamerat
Bilete 3: klar for tur
torsdag 23. mai 2013
23.05.13
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar