I dag var det klart for pakking og farvel med Vence, for denne gong. Damene tok morgonbad i bassenget, som vanleg. Rigmor og Egil skal kjøre vidare til Grenoble, vi skal sykle til Nice. By, by. Turen til Nice gjekk via St-Jeannet, vidare til La Gaude og til St-Laurent-du-Var. Så kom vi til flyplassen og strandpromenaden inn til Nice. Her trefte vi Halvar og Kristi og hadde koseleg middag saman om kvelden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar