onsdag 18. juli 2012

Blåfjellenden

Så vart det fjelltur på meg, før ferien var over. Aud Marit hadde lyst til å vere med, ho hadde og bil, så då var alt klart for tur på tirsdag 17. Juli. Det var på med regnklær då me starta i Hunnedalen og dei hadde me like til Blåfjellenden. Herleg å vere på tur. Turen starta med stigning opp frå parkeringsplassen, så litt smått opp og ned og flatt, før ca 200 m nedstigning til hytta. Der var det ledig rom til oss, saman med 9 andre. På tilbaketuren i dag fekk me sol. Og det passa godt, slik at vi fekk prøvd badefasilitetene langs ruta. Det er mange å velge mellom.
Med god kaffe på termos og sol i fjeset, kan me ha det bære???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar