Sykla i dag frå Trigance til Moustieres-Sainte Marie. Totalt 5.5 mil og ca 900 høgdemeter, og 13.6 i gj smitta fart.
Sykla langs Gorge du Verdon, Europas største kløft. Vi sykla den sørlege ruta, som er lengre og meir krevande, men mindre trafikert. Spektakulær utsikt til dei voldsomme fjellformasjonane og elva som ålte seg smaragdgrøn gjennom botn av kløfta. Så bar det nedover til ca 500 moh og innsjøen Lav de Sainte-Croix, der damene hadde eit forfriskande bad. Så bar det oppover til Moustieres-Sainte Marie. Ein koseleg landsby rett under fjellet.
søndag 1. juli 2012
27.06
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar