søndag 1. juli 2012

30.06

Sykla frå St Rafaell til Vence. Siste dag på sykkelturen. 7.7 mil og 15.6 i gj snitt. Dette var kanskje den harde dagen. 31 gr då vi starta kl 0900 og 400 meter stigning på slutten av dagen, opp mot Vence. Flott tur langs kysten til la Napoule. Mange fine små badestrender, som vi også prøvde i Agay. Flotte fjellformasjonar langs deler av kysten.  Spiste lunsj saman med kollega av Rigmor i la Napoule. Siste del av turen gjekk gjennom Cannes, der vi såg dei fasjonelle hotella som blir brukt under filmfestivalen. Så vidare til Antibes, der vi hadde sein lunsj. Kom fram te leiligheten kl 1830, ganske utslått. Rigmor og Egil handla i store mengder og vi hadde god middag på terrassen om kvelden med månen som lyste på himmelen.
Bilete frå Cannes og kysten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar