onsdag 3. juli 2013

03.07.13

Frå Dun-les-Places til Anverse.
I dag var det regn, og etter å ha sjekka yr.no forstod vi at det kom til å vare heile dagen. Og det gjorde det. Regn og vind. Først 7 km opp til St Brisson. Så gjekk det litt opp og ned til vi kom til Lac des Settons, ein stor innsjø der vi hadde planlagt å både, men det frista ikkje i dag. Her hadde vi matpause under eit halvtak. Til tross for 14 gr vart vi kalde når vi var vi ro, men heldt varmen når vi sykla. Jammen godt gjort når vi var dassblaute. Etter pausen gjekk det oppover til Chateau-Chinon. Der hadde vi matpause i ly for regnet, attmed søppeldunkene. Krava til ein koseleg lunsjplass vært altså nedjustert. Så litt ned, og så lange, sugande bakker oppover. Så ned og til slutt 2 km oppover til overnatting på Chambre d' vites, privat overnatting. Vi fekk det grønne rommet og Egil og Rigmor det rosa. Vi har nå spist middag saman med vertskapet, som var frå Nederland og snakka godt engelsk.
I morgon får vi med oss heimebakt brød på turen.
Total lengde 76 km. Effektiv sykkeltid 5 t 20 min. Gj snittsfart 14 km/t.
Bilete 1: klare til start
Bilete 2: snart framme
Bilete 3: påfyll av vatn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar