søndag 7. juli 2013

07.07.13

Frå Beaune til Dijon
Dagen starta med god frokost ute på terrassen hos Marie, med heimelaga yoghurt og nypressa appelsinjuice og litt til. Etter å ha handla lunsj på supermarked/Casino, var vi på hjul kl 10. Sol og ein del vind hadde vi i dag og. Første del av turen gjekk mellom vinmarkene. Frå dette området  kjem noko av den dyraste vinen som er å få kjøpt. Vi hadde ca 170 m stigning i starten av turen, så flata det ut. På veg inn mot Dijon gjekk turen gjennom mange småbyer. I ein av byane var det #garasjesalg# i gatene. Her nytta vi høve til å få kjøpt oss kald drikke for å få litt påfyll i varmen.
Litt reprise frå i går. Som det stod i bloggen i går så hadde vi ein periode med stor fart, oppmot 30 km/t, låg hjul mot hjul slik syklistane gjer. Så fekk vi eit typisk Tour de Franc uhell. Vi kom borti hjulet til syklisten foran, og Anne Reidun var den uheldige som falt. Det gjekk utruleg bra, litt skrubbsår på albu og hofte, men ingen alvorlige skader. På med bandasjer og vidare på tur. I dag har eg ikkje kjent noko meir. Så dæ ordne seg. Uvant å kome fram til hotell i dag sidan vi er blitt så vant med privat overnatting.
Sjekk og www.kvelluren.blogspot.com som og skriv same sykkelturen
Dagens tall:
Lengde: 70 km
Effektiv sykkeltid: 4 t 32 min
Gj snitt: 15,4 km/t
Bilete 1: vinmarker så langt du kan sjå
Bilete 2: godt det er nye sykkelsko heime.......
Bilete 3: typisk landskap og ein hard bakke opp

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar