Frå Anverse til Montceau-les-Mines.
Vi starta dagen med frokost med heimebakt brød. Middagen i går kveld var saman med familien. Dei var frå Nederland og snakka godt engelsk. Vi fekk gode tips for turen i dag. Heimebakt brød fekk vi med oss på turen. Rett før avreise oppdaga vi at mor sin sykkel var punktert. Heldigvis har vi reparatørar med oss, så sykkelen vært reparert i ein fei. I dag var veret mykje betre, kunn litt yr i lufta. Vi lot regnklærne, som fortsatt var fuktige, bli pakka ned. Turen gjekk først til Mont Beuvray, 800 moh. Her hadde det vore ein galleisk by. Det var 20% stigning siste 2 km, så det vært gåtur opp. Flott utsikt frå toppen. Frå toppen bar ned nedover, og vi hadde mange fine nedoverbakker, og litt oppover i dag. Sola kom fram og vi kosa oss med lunsj på ein benk i parken. Kjørte på gps-kurs for å finne overnattingsplassen. Chambre d' hotes. Vi fekk rom som var prega av Alsac, og Rigmor og Egil fekk eit maritimt rom. Gjennomført design. Syklene vært parkert i garasjen. Middag på restaurant i nærleiken, der hovudretten var potet med tilbehør.
Bilete 1: ny slange i ein fei
Bilete 2: 20 % stigning gir gåtur
Bilete 3: lunsjtid
fredag 5. juli 2013
04.07.13
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar