Frå Dijon til Clamery. I dag har vi sykla langs Canal de Bourgogne. Veldig bra standard i starten, med asfalt og god bredde. Seinare fekk vi underlag av grus av svært ulik type. Sol og vinden i ryggen. På turen i dag har vi sykla forbi mange sluser, nokre som båtfolket kan operere sjølv, og andre som dei må ha hjelp til. Ved kvar sluse er det eit hus, som tydelegvis har vore bustaden til #slusevokteren# i gamle dagar. Vi har sett lite båter i dag, og det var kanskje ein stor vi la spesielt merke til. Passasjerane hadde både innleid båtførar og serveringspersonale og båten gjekk akkurat inn i slusa. I løpet av dagen har vi gode pauser, første matpause ca kl 12 og neste ca kl 15. Og innimellom drikkepauser og fotopauser og kvilepauser. I dag har vi privat overnatting igjen, hos Agnes og Bruno. Flott rom og bad, og nyslått høy og høne som kakler utan for vinduet vårt. Vi er på den franske landsbygda.
Dagens tall:
Lengde: 82 km
Effektiv sykkeltid: 4 t 33 min
Gj snitt: 18 km/t
Bilete:
1: god skilting langs kanalen
2: typisk sluse med hus
3: stor og fin båt
mandag 8. juli 2013
08.07.13
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar