Frå Camery til Pacy- sur-Armacon.
I går spiste vi middag på den lokale restauranten. Ca 160 kr pr person for 4 retter inkl alt tilbehør. I dag hadde vi frokost mens to høner gjekk ut og inn av frokostrommet. Kosedyra i familien. Kan anbefale chambre d' houtes som overnatting i Frankrike. I dag gjekk det fort å kome i gang med sykling. Ingen by me skulle ut av. Og me måtte sykle 1mil før det var butikk. I dag var det meir aktivitet på kanalen, med båter og sluser som skulle opnast og lukkast. Det er litt av eit byggverk denne kanalen. Den vært planlagt på 1700- talet og stod ferdig i i 1823. Den har 189 sluser, er 242 km lang og er kobla saman med mange andre kanaler. I dag les vi 29 gr på eit skilt, så det er varmt nok. I dag har vi sykla langs mange jorde med høyballar på. Og flokkar med lyse kyr, som heiter ........( skal finne ut til i morgon). Dei siste 20 km i dag var sikkeleg humpetitten, det rista både i kropp og sykkel. Godt å kome fram til dusj og kvil før middag. I dag blir det middag på terrassen det vi bur.
Dagens tal:
Lengde: 76.6 km
Effektiv sykkeltid: 4t 24 min
Gj snitt: 17,5 km/t
Bilete:
1: overnattingplassen sist natt
2: frokost er ein god ting
3: dette såg vi mykje av i dag
tirsdag 9. juli 2013
09.07.13
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar